Å dyrke fram berekraftige strukturar

Det er ein vakker køyretur frå høglandet i Arba Minch i Sør-Etiopia ut til landsbygda der minoritetsfolka i Wycliffe sitt prosjekt for utdanning bur.

På besøket mitt sist november var effektane av regnsesongen tydelege. Landskapet var frodig og grønt, men dei uasfalterte vegane var heilt utvaska. Enkelte stadar var det djupe spor etter erosjon frå regnet, og vi måtte til og med krysse tre elvar som var 10-20 meter breie for å kome fram til nokre av dei skulane ytst i prosjektområdet.

Konso-folket, ein av dei tre språkgruppene som deltek i utdanningsprosjektet på morsmålet, er godt kjent med den problemstillinga som regnet bringer, og har funne ei god løysing. Når ein køyrer inn i området der Konso-folket bur, er det umogleg å ikkje legge merke til terrassane som pregar landskapet. I hundrevis av år har dei terrassert fjellsidene i sørvestlege Etiopia for å gjere det tørre miljøet meir egna til jordbruk og mindre mottakeleg for erosjon. Denne metoden som er vanleg i delar av Asia, er unik for regionen. Konso-terrassane har til og med blitt anerkjent som ein UNESCO-kulturarvstad. 

Dei meir enn 200 kvadratkilometerane med terrasserte fjell rundt byen Konso er eit godt eksempel for kva som er gjort mogleg gjennom samarbeid og deling av kunnskap. Det liknar på mange måtar vårt utdanningsprosjekt. Omfanget i prosjektet er stort; meir enn 20 000 elever blir nådd, og derfor må mange arbeidarar til. For at medarbeidarane skal få et godt opplæringstilbod, er mentorordning blitt ein sentral komponent i Mother Tongue Education-prosjektet. Vi har tilsett dei lærarane med dei beste ferdigheitene og kunnskapen om sitt eige språk, og gitt dei oppdrag å dele det med andre som ikkje er særleg trena.

På lik måte som terrasserte skråningar endrar bratte, ubrukelege landområde til fruktbart land, søker mentorordninga å dyrke fram berekraftige strukturar i minoritetsskulane. Kvar av mentorane som er tilsett i prosjektet, tek med seg ein grunnmur av kunnskap og erfaring som andre lærarar igjen kan modellere. Slik rettleier mentorane dei lærarane som ikkje er trena i å lese og skrive sitt eige språk, og gir dei den sjølvtilliten dei treng for å undervise elevane sine og kvarandre.

Blant folkegruppene i prosjektet i sørvestlege Etiopia og i store delar av verda, har kunnskap tradisjonelt vore bevart og overført munnleg heller enn skriftleg. I munnlege samanhengar framstår mentorordninga som eit verdifullt middel for å overføre både teoretisk kunnskap så vel som praktiske ferdigheiter frå ein lærande til ein annan. Mentorar er ofte saman med lærarane i klasserommet for å observere, vise veg og hjelpe til med å undervise. Lærarar er strategiske partnarar på grunn av si unike plattform i samfunnet. Dei er ikkje berre lærarar for elevane, men dei er grunnleggjarar og motivatorar som kan fremje draumar og ferdigheiter hos den kommande generasjonen.


Mange minoritetsgrupper i dag er fleirspråklege. Nokon av dei ynskjer å kunne kommunisere på nasjonalspråket eller internasjonale språk i tillegg til på morsmålet. Dette er den språklege verkelegheita for minoritetar mange stader i verda. 

Dersom utdanning i ei fleirspråkleg samanheng skal gi gode resultat, er det viktig at elevane har solid basis i sitt eige språk fyrst. Det er viktig å knekke lesekoden på morsmålet først, før ein kastast ut i ei situasjon der ein samstundes både skal lære å snakke, forstå og lese og skrive på eit nytt språk.


Vil du vere med å støtta bistandsprosjektet?

Når du støttar bistandsprosjektene, bidrar du til at barn får opplæring på sitt eige morsmål. Studiar viser at barn som lærer å lese og skrive på sitt eige språk fyrst, gjer det betre når undervisninga går over til nasjonalspråket på høgare trinn. Slik kan barn frå minoritetssgruppar lettare få ein høgare utdanning, og dermed få hjelp til å komme seg ut av fattigdom.

Ynskjer du å gi direkte til vår bankkonto, bruk kontonummer 3000.15.45546. Merk gaven med “Bistand”.

Skroll til toppen